Årsmøtereferat Tokke Arbeiderparti 2017

17 personar deltok på årets årsmøte som vart gjennomført på Kroa Dalen Storstue den 7.3.2017. Leiar Kjell Magne Grave ynskte velkomen til alle frammøtte og starta med eit minutts stillhet for dei medlemmane som har gjenge bort i løpet av året. Sak 1 – Val av møteleiar og skrivar • Møteleiar vart Kjell Magne Grave • Skrivar vart Mette Lillegård Sak 2 – Godkjenning av årsmelding 2016 - Tokke Arbeiderparti • Samrøystes vedteke med eit tillegg Sak 3 – Godkjenning av årsmelding 2016 - Kommunestyregruppa • Samrøystes vedteke Sak 4 – Godkjenning av rekneskap 2016 - Tokke Arbeiderparti og 1. mai Dalen • Samrøystes vedteke Sak 5 – Løyvingar • Tokke Arbeiderparti vedtok samrøystes å gje kr. 1 500,- til AUF Vest-Telemark som pr. i dag har 21 medlemmer Sak 7 – Innkomne saker Hilde Alice Vågslid fremma forslag om at årsmøtet vedtek å sende inn forslag om å få følgjande tekst inn i Arbeiderpartiets program til stortingsvalet. Dette var med ved førre val, men er nå teke ut. «Arbeiderpartiet vil: […] • At den norske vasskrafttradisjonen vidareføras ved at lokalsamfunn som stiller sine naturressursar til disposisjon for vasskraftproduksjonen, får ein del av skatteinntektene. Inngrep i naturmiljøet skal gjerast med forståing og aksept frå berørte lokalsamfunn og slik at deler av inntektene tilfell lokalsamfunna også med endra teknologi for utnytting av vasskraft. • Sørgje for både omsyn til miljø og kraftproduksjon i revideringa av tidligare gjevne vasskraftkonsesjonar.» Vilkårsrevisjonane av gamle vasskraftkonsesjonar må gjerast slik at den samla miljøbelastninga frå norsk kraftproduksjon blir mindre. Lokalmiljøas interesser må ivaretakast like godt som i dag også i dei nye vasskraftkonsesjonane. Arbeiderpartiet er ope for ein skånsam oppgradering og utbygging av vasskraft der dette ikkje fører til store naturinngrep og tap av naturmangfald i tråd med gjeldande regelverk. - Samrøystes vedteke og vert vidaresendt til fylkespartiet Sak 8 – Val • Eit samrøystes årsmøte vedtok valnemnda sitt framlegg til nytt styre i Tokke Arbeiderparti. (sjå styre på heimesida)