Partiprogram 2019 - 2023

Me ynskjer dine innspel

Tokke Arbeiderparti er i gong med utforming av program for neste kommunestyreperiode 2019-2023, og me ynskjer å høyre frå deg!

Eit godt partiprogram må ta utgangspunkt i at me både forstår kva for utfordringar som er spesielt viktige for folk der dei bur, samtidig som me har gode idear for korleis desse utfordringane skal løysast.

Kom med dine tilbakemeldingar på akkurat det du ynskjer, men under er nokon spørsmål for å få tankane i gong. Kva for utfordringar innanfor dei ulike områda bør prioriterast i neste valperiode og kva er dine tankar om konkrete løysingar for å møte utfordringa.

 1. Kva meiner du er Tokke sine viktigaste utfordringar som krev politisk løysing?

2. Kva meiner du bør vere Tokke Arbeiderparti sitt viktigaste politiske prosjekt i perioden 2019-2023

3. Kva for innspel vil du kome med i førehald til desse tema:

a) Barnehage, skule og utdanning

b) Helse og omsorg

c) Miljø og klima

d) Samferdsel

e) Sentrumsutvikling og bustadar

f) Næring, verdiskaping og entreprenørskap

g) Kultur, idrett, fritid og frivilligheit

h) Arbeid og inkludering

i) Tryggleik

4. Kva for sak eller politisk område er avgjerande for kva parti som får di stemme ved kommunevalet i 2019?