Tokke Arbeiderparti sin kandidat nr. 23 - Sigrunn Aaland Taraldlien

Eg er 51 år, født og oppvaksen i Bø. Eg har budd på Dalen sidan 1983, da eg fann mannen min, Tom, her. Eg har heile denne tida hatt Tokke kommune som arbeidsgjevar. Eg er hjelpepleiar, og jobba ved Tokke helsesenter fram til 1999, etter det har arbeidsplassen min vore Tokke legekontor. Og ettersom eg har jobba så mange år ved helse- og omsorgsavdelinga i kommunen, seier det seg vel sjølv at denne staden er ein veldig god stad å vera tilsett!

original_1478643222_007718

 Eg har vore med i lokalpolitikken dei siste fire åra, vore med i styret for Tokke AP i tre år, og vore fast medlem av helse- og sosialutvalet i fire år. Det har vore utruleg lærerikt og moro å være med i lokalpolitikken. Eg har lært mykje om politikken vs administrasjon og kommunen som arbeidsgjevar, om sakshandsaming og saksgang, kommuneøkonomi, og at ting tek tid! Alt er ikkje så enkelt og fort gjort som ein skulle tru! Mange ting å setje seg inn i, men som ny, fersk politiker vart eg veldig godt motteken. Tokke AP er ein fin gjeng, inkluderande, og alle mine mange, og kanskje til tider, rare spørsmål, har blitt svara seriøst på. Det gjev trygghet! Fritida mi brukar eg mykje på vener, utanlandsturar, og turar heim til Bø. Og til lokalpolitikk! Mine politiske hjartesaker er helse- omsorg og barnevern. Helse kjem inn i dei fleste område, som t.d. skulemiljø og arbeidsmiljø. Gode miljø, både fysisk og psykisk, påverkar helsa vår. Så det er eit breitt tema, og mange saker å engasjere seg i. Eg syns Tokke AP har gjennomført mange gode saker i inneverande valperiode, og eg er sikker på at me vil vidareføre dette om me får fortsette i fire nye år. Fire år er lite i politisk samanheng, så me vil gjerne vise kva me kan få til i ein periode til!

Godt val! Stem Arbeiderpartiet!😊