Tokke Arbeiderparti sin ordførarkandidat - Hilde Alice Vågslid

Eg er 49 år, gift med Oddmund og er mor til Lene, Andreas og Mari.Er oppvaksen på Buøy og flytte heilt opp til Vistad i 1985 😊. Eg har permisjon frå jobben som butikksjef ved Coop prix på Dalen, der eg har vore tilsett i 17 år.

original_1478643223_311753

Opp gjennom åra har mykje av mi fritid gjenge til politisk arbeid i tillegg til å fylgje opp tre aktive ungar. Eg var og aktiv i Tokke Teaterlag der eg var med i 20 år. Eg likar godt å stelle med blomar og anna hagearbeid, eg strikkar litt, likar å lese ei god bok eller sjå ein god film. ( Likar au godt seriar, men då blir eg fort «hekta» og kjem meg ikkje i seng 😊)

Eg kjem frå ein samfunnsengasjera familie og har vore medlem i Arbeiderpartiet sidan eg var 15 år, då var eg og med å starte Tokke AUF. Er inne i min 7. periode som kommunestyremedlem og har vore medlem av ulike utval, men det er min fyrste periode som ordførar. Det har vore 4 spennande, lærerike, utfordrande, krevjande og morosame år. Grunnen til at eg har vore med så lenge er mykje grunna eit aktivt lokalparti som heile vegen har visa meg tillit og som har oppmuntra meg til å stå på.

Eg har trivast godt med å vere ordførar for Tokke. Syns det har vore givande å vere kommunens «ambassadør» og likar å framsnakke kommunen. Me har mykje å vera stolte av i Tokke. Eg har etter mange år i politikken eit godt nettverk som eg meiner er til stor nytte for meg som ordførar i Tokke. Er oppteken av eit godt samarbeid på tvers av alle parti, då eg meiner det er viktig for å utvikle kommunen best mogleg.

Eg er glad og stolt over å vere ordførarkandidat for det laget som Tokke Arbeiderparti har, ei liste med flotte og engasjerte kandidatar og med eit aktivt lokalparti i ryggen. Me er klare til å gjere ein innsats for Tokke kommune.

Eg har lyst og vil gjerne fortsetje som ordførar for Tokke kommune.

Godt val! 😊